Hurra! Me i Hjelmeland bygg er i ferd med å byta «kledning». Det vil seia: Me held på å ta i bruk den nye grafiske profilen vår på bilane våre, på arbeidskleda og på alt me held på med. Det vil også seia at denne nettsida er under ombygging. Sida du er på no, er mellombels og har derfor avgrensa omfang. Me kjem snart tilbake med ei fullstendig nettside.
Hjelmeland bygg AS er ein godt etablert totalleverandør av nybygg og byggtenester. Me har hovudkontoret vårt i Årdalstunet i Hjelmeland kommune. Me byggjer hus, hytter, næringsbygg og dessutan driftsbygningar for landbruket. Hos oss møter du fagfolk med lokal forankring som ønskjer å hjelpa deg med det du treng.
Stolt forhandlar av Saltdalshytta
Saltdalshytta er ein kvalitetsleverandør som dei fleste kjenner til. I ei årrekkje har dei levert hytter som er designa for den norske naturen og klimaet vårt. Desse solide hyttene kjem i ulike versjonar og kan tilpassast ønska og behova dine.